
Fosshøgda gård
Fosshøgda kan tingast for overnatting og samver både av medlemer av BUL Tromsø og andre. Huset inneheld ei stor stove, eit godt utstyrt kjøken, to dusjar, to toalett, vaskerom, TV-stove med TV, oppvaskmaskin og badstove (Badstue for tiden ute av drift). Det er 19 senger fordelt på 2- til 6-sengsrom. Du må være fyllt 18 år for å kunne leie Fosshøgda. Dette gjelder også for medlemmer.
Korleis bestille Fosshøgda:
Kontakt:
Lagskontoret BUL, lagskontoret@bul-tromso.no tlf. 77 60 70 15 i åpningstiden.
Tinginga er gjeldande når du har fått stadfesting, munnleg eller på e-post.
Når hele huset bestilles, skal det betales for hele huset. Dette gjelder også medlemmer.
Styret har bestemt at aktivitetar organisert av BUL skal ha eit visst føretrinn på Fosshøgda. Det inneber at eksterne grupper normalt ikkje kan tinga Fosshøgda tidlegare enn 1. april for 2. halvår / 1. oktober for første halvår påfølgjande år.
Utleigeprisar
Følgjande prisar per døgn gjeld frå 10 april 2018.
Medlem | Ikkje-medlem | |
---|---|---|
Vaksne | 150,- | 300,- |
Barn 5-15 år | 60,- | 120,- |
Barn under 5 år | Gratis | Gratis |
Leige heile huset | 1500,- | 3000,- |
Campingvogn/telt U/M strøm | 20,-/50.- | 50,-/80 |
Tillegg per person | 10,- | 20,- |
Dagsbesøk | Gratis | * Gratis |
Badstu | Gratis | Gratis |
Leige av sengetøy (dyne og pute m/trekk + laken) |
150,- | 150,- |
Bestillingsgebyr (depositum) | Krevst ikkje | ** 500,- |
* For organiserte møter, seminar etc uten overnatting betales kr 500.- per dag.
** Refunderes ikke ved avbestilling senere enn 1 måned før utleietidspunkt
Vask av hele huset koster kr. 1500,-
Dersom tilsyn etter besøk viser at det ikke er tilfredsstillende vasket, belastes gjestene med kr. 500,- pr time for medgått tid til vask. Se ordensregler under.
Praktisering av medlemspris
Medlemmer av BUL Tromsø kan invitere venner og familie til samvær på Fosshøgda og betale for «hele huset» etter medlemspris. Når Hele huset bestilles, skal det betales for hele huset. Det kan f.eks. være skoleklassen til medlemmet. Når andre organisasjoner brukar Fosshøgda til sine aktiviteter, skal det betales pris for ikke-medlem, selv om noen av deltakerne er medlem av BUL Tromsø. For å oppnå medlemspris må man ha vært medlem i minst 1 år.
Romplan Fosshøgda
Nykel
Nykel finst i ein nykel-boks med kodelås, som er montert på høgre sida av inngangsdøra på Fosshøgda. Koden får du opplyst av utleige-ansvarleg for Fosshøgda i BUL Tromsø
Oppgjer
Betaling skjer til:
Bank: 4700.66.91036
Bul Tromsø, Fosshøgda Gard
Boks 43, 9251 Tromsø
Hugs å oppgi besøksnummeret fra gjesteboka på betalingsblanketten.
Vipps kan også benyttes. Vipsnummer 514326.
Kvar ligg Fosshøgda? Korleis komme seg dit?
Fosshøgda gard ligg i Målselv kommune, vel 2 timers køyring frå Tromsø (ca 135 km). Frå E-6 ved Bardufoss tar ein av og følgjer veg 853 forbi Bardufoss flyplass. Køyr forbi Fossmotunet, over demninga ved Bardufossen og vidare opp bakken. På toppen av bakken er det skilta "Fosshøgda gard" til høgre.
Ordensregler for ferieheimen på Fosshøgda Gard.
Når du kjem til garden:
- Før deg inn i gjesteboka og gjer deg kjent med branninstruks og rømmingsvegar.
Under opphaldet:
- Hent tørr ved frå yttergangen eller i skjulet under låvebrua.
- Røyking er ikkje tillatt. Hunder er tillatt berre i yttergangen.
- Arrangement i BUL-Tromsø sin regi er rusfrie. Vi ber gjestene syne måtehald med alkohol.
Før du reiser frå garden:
- Rydd og gjer reine alle rom som har vore i bruk. Putevar skal takast av og leggjast på senga.
- Slå av oppvaskmaskina og dra ut støpsel til kaffetraktar og vatnkokar.
- Set termostatane på varmeomnane ned til 10-12 grader.
- Ber søppel ut til stativet ved vegen.
- Fyll opp vedkassa i stua og i yttergangen.
Ved særskilt avtale kan rydding og vasking avtalast med styrar/tilsyn. Kostnad/gebyr for vasking er kr. 1.500.-