Historikk

Bondeungdomslaget i Tromsø vart stifta den 5. juni 1914, som ein positiv miljøfaktor for landsungdom som kom flyttande til byen. Laget knytta seg til den frilynte ungdomsrørsla, som allereie var samla i Noregs Ungdomslag, og som vaks fram av den politiske og nasjonale folkereisinga rundt hundreårsskiftet. Rørsla sine merkesaker var opplysningsarbeid, fredssak, målsak og norsk kultur og tradisjon.

Ettersom aktiviteten auka og interessene til medlemma vart fleire og ulike, vart det danna undergrupper; Leiklaget (1925), Saumarlaget (1926) og Idrettslaget (1966). I dag har Idrettslaget to store grupper, o-gruppa og friidrettsgruppa. Leiklaget heiter no Folkedanslaget og har faste aktiviteter med barneleik, torsdagsdans og mimring. Saumarlaget er borte men i 2008 ble husflidslaget stifta og vi har også et spelemannslag. Vi har i dag omlag 400 medlem i alle aldrar, eit triveleg miljø og god aktivitet.

Laget har hatt kafédrift sidan 1917 og drive Quality Hotel Saga sidan 1969, med sikte på å skaffe pengar til lagsdrifta.

BUL Tromsø er eit av lokallaga i Noregs Ungdomslag (NU) og fylkeslaget Troms Ungdomsfylking (TUF). Gjennom denne organisasjonen får medlemma tilbod om å delta på kurs, seminar og stemner, både innan- og utanlands. Kvart år er det folkedansfestival, ulike fylkeskurs og stemner  kor ein får ta del i dei aller fleste aktivitetane som organisasjonen har, og fagseminar for dei ulike "fag"-områda. Kurs av ymse slag vert halde både på lands-, fylkes- og lokalplanet, og er eit utmerka høve til å bli kjent med folk frå andre lokallag og utveksle erfaringar i eit alkoholfritt miljø.

Idrettslaget i BUL er og medlem i Norges idrettsforbund og olympiske og paralympiske komité og særforbundene Norges Orienteringsforbund og Norges Friidrettsforbund.