EI OPPFRISKING OM BAKGRUNNEN FOR EIGARSKAPET TIL FOSSHØGDA
Bilde : kart.finn.no
Noregs Ungdomslag hadde frå 20- åra og frametter "skogsaka" som ei av de fremste merkesakene sine. Parolen, "Kle fjellet" lydde landet over.
I Troms var Reidar Bathen fylkesskogmeister på denne tia. Bathen var ein fengande agitator, ikkje minst mellom ungdomen, og lag etter lag kom i gang med planting. Bondeungdomslaget i Tromsø var mellom dei.
Reidar Bathen hadde sakna felt der forstfolka kunne drive forsøk og røyne seg fram til det som høvde best. Ikkje minst var dette nyttig i Troms som ligg i nordgrensa for nåletrea. Tanken mognast med åra, til årsmøtet for L/L Kaffistova åt BUL 25.01.45, blei det satt av Kr. 25.000,- til kjøp av skogfelt åt Bondeungdomslaget.
Petter Benum, Aasmund Vibe og Toralv Lunde fekk i oppdrag å finne lagleg felt. Under ordskiftet om spørsmålet vart det streka under at feltet også måtte høve som utferdstad for lagsfolka i BUL. Reidar Bathen vart strålande glad for vedtaket, og lovde all hjelp med å finne lagleg felt.
Etter fire års leiting peika R. Bathen på eigedomen Fosshøgda, gnr. 50, bnr. 2 i Målselv, som lagleg. Eiendommen låg uvanleg vakkert til, mellom Bardufossen og Målselvfossen. Skogarealet var på kring 3500 da. Med god bonitet. Våningshuset var heller stort, med peisestove, ei mindre stove og to kjøkken i 1. høgda og 6 rom i 2. høgda. På kvisten var overflod av plass som kunne være tenelig i sommartida.
Lærar Lars Jevningen, som eigar av garden, var viljug å selje til BUL, men det stod att å få konsesjon av Målselv heradstyre. Det fekk laget samrøystes, men med klausul at gardsbruket skulle drivast.
Den 1. juni 1950 overtok BUL eigedomen Fosshøgda. Kjøpesummen var kr. 51.000,- og for noko reiskap og utstyr betalte ein kr. 5000,-.
I eit skogfond fekk ein kr. 25.000,- som rentefritt lån på 30 år, resten blei dekt med eigne midlar.
Representantskapet i BUL valde ei nemnd som skulle ordne med kjøpet og organisere drifta. I nemnda kom desse med:
- Torvald Nilsskog
- Aasmund Vibe
- Toralv Lunde
- Varamenn: Elvine Balsvik og Erling Liljedal
Den 20.juni 1950 gjorde BUL avtale med L/L Kaffistova åt BUL som tok på seg drifta av gardsbruket. Det vart sett opp leigeavtale mellom BUL og L/L, der det i punkt 3 heiter:
- Bondeungdomslaget skal drive skogkultiveringsarbeidet. L/L leiger og driv gardsbruket.
- Som leige betaler L/L: Det skal ha alt vedlikehald på garden av hus og reiskap.
- BUL skal få nytte ledige rom som ferieheim.
- L/L betaler utlegget med skog kultiveringa mot å få innkoma av ved og virke som utvinnast til sal etter påvisning av forstfolka.