Spellemannslaget
Spelemannslaget i BUL- Tromsø skal ta vare på og føre vidare folkemusikktradisjonen og slåttemusikken i Nord – Norge. Musikken skal brukast som miljøskapande samværsform.
Spelemannslaget er organisert som gruppe i BUL – Tromsø og er gjennom det medlem av Noregs Ungdomslag. Laget er med i Landslaget for spelemenn.
Øvingsopplegg.
Dei forskjellige gruppane i spelemannslaget øver for tida kvar tirsdag og torsdag
Tirsdag kl. 20.00- 22.00: Feleøving(videregående) , andre strenginstrumenter og to-radere/trekkspill/fløyte
Torsdag kl. 19.00-20.00: Toraderøving
Kl. 20.00 samspilløving til leiklaget i BUL.
Musikken som blir spelt er tradisjonsmusikk, stort sett fra Nord Norge. I laget har vi for tida følgande instrumenter representert: torader, fele, tromme, fløyte, gitar og bass. Ambisjonsnivået er vekslande, men det er plass til alle som finn seg til rette.
I tillegg er vi ansvarleg for musikk til alt av danseoppvisningar i barnegruppa og vaksengruppa i leiklaget, og andre tilstelningar i BUL.
Spelemannslaget tar på seg dansespell og underholdningsoppdrag, og kan representere norsk folkemusikk utanfor miljøet, tildømes på festar, kongressar og liknande.
Vi reiser på turar og har litt andre sosiale samankomster.
Siste nytt
- 1 av 3
- neste ›