LOVER
Lov for Bondeungdomslaget i Tromsø Gjeldande frå 2026
Vedtatt i årsmøte 11.03.2026
§1 FØREMÅL
Bondeungdomslaget i Tromsø vil i samsvar med idégrunnlaget og arbeidsprogrammet for den frilyndte ungdomsrørsla samle ungdom og vekkje interesse for åndelege og kulturelle verdiar. Det skal gjennom lagsarbeidet aktivisere medlemmene i kameratsleg samvær og arbeid for folkeleg opplysning og mellomfolkeleg samarbeid. Laget skal vere med i Noregs Ungdomslag.
§2 MEDLEMSKAP
Alle som godkjenner føremålet og dei etiske retningslinjene til Bondeungdomslaget i Tromsø kan bli medlem. Medlemskapen gjeld frå den dagen medlemskontingenten er betalt. For å ha røysterett må ein ha fylt 14 år, ha vore medlem i minst tre månader og ha betalt medlemskontingenten for inneverande år. For å ha røysterett på årsmøtet må ein ha betalt medlemskontingenten for meldingsåret. For å bli vald til leiar i laget må ein ha vore medlem med fulle rettar i to år. For å bli vald til styremedlem eller varamedlem må ein ha vore medlem med fulle rettar i eitt år. Medlemmer som står til rest med medlemskontingenten for meir enn seks månader, skal strykast av medlemslista. Dei skal ha skriftleg melding og høve til å betale skyldig kontingent innan ein månad. Styret kan etter søknad fråfalle kravet om kontingent.
Medlemskontingenten er den som årsmøtet til kvar tid fastsett.
Medlemmer som tek på seg lagsarbeid for mindreårige og andre sårbare grupper, må vise fram politiattest for føremålet.
§3 EKSKLUSJON
Dersom eit medlem motarbeider føremålet til organisasjonen, eller ikkje rettar seg etter lover og føresegner, kan vedkommande strykast som medlem. Slike avgjerder kan ein anke til styra i fylkeslag og landslag.
§4 STYRET
Laget skal ha eit styre på fem medlemmer med to varamedlemmer. Leiaren blir vald særskild og for eitt år. Dei andre i styret blir valde for to år slik at to er på val kvart år. Varamedlemmene blir valde for eitt år. Styreleiar i Saga Hotell AS kan ikkje veljast som leiar, medlem eller varamedlem i styret. Maksimal funksjonstid i styret er åtte år samanhengande.
Styret, med unntak av leiar, konstituerer seg sjølv og vel nestleiar og sekretær.
Styret er vedtaksført når minst fire av medlemmene er til stades. Ved likt røystetal i styremøta er røysta til leiaren avgjerande. Varamedlemmene kan delta i styremøta. Ein eller fleire representantar for særlaga kallas inn når styret tek opp saker som er viktige for særlaga. Desse representantane har tale-, men ikkje røysterett.
Det skal førast styreprotokoll. Utskrift av styreprotokollen skal sendast alle leiande tillitsvalde i laget.
Styret skal ta hand om den delen av eiga til laget som ikkje er lagt under særlag/særstyre eller undergrupper/gruppestyre. Styret skal leggje til rette for, og føre tilsyn med, alt lagsarbeid og setje i verk styre- og årsmøtevedtak. Styret har ansvar for at det vedtekne budsjettet blir følgd.
Styret har personalansvar for dagleg leiar. Det er berre styret som kan inngå arbeidsavtale, vedta stillingsinstruks og fastsetje løn for fast tilsette.
§5 RÅDET
Laget skal ha eit råd på 18 medlemmer med fire varamedlemmer. Medlemmene i styret og leiar i styret for Saga Hotell AS er faste medlemmer av Rådet, men ingen av dei kan vere leiar. Dei andre 12 blir valde for fire år slik at tre er på val kvart år. Varamedlemmene blir valde for eitt år. Dei valde må vere myndige og ha vore medlem i tre år. Maksimal funksjonstid i Rådet for dei 12 valde er 12 år samanhengande.
Rådet er det høgste organet i laget mellom årsmøta og skal ta vare på dei økonomiske interessene til laget. Rådet skal gå gjennom alle rekneskap og budsjett i Bondeungdomslaget før årsmøta og elles stå til teneste for styret med råd og rettleiing i vanskelege saker.
Dersom det skulle oppstå tvil eller usemje om vedtak gjort på noko års- eller styremøte i Bondeungdomslaget i Tromsø, kan vedtaket ankast inn til Rådet for avgjerd dersom minst 1/3 av dei røysteføre på års- eller styremøtet krev det. Avgjerda i Rådet krev 2/3 fleirtal. Rådet er vedtaksført når minst 12 av medlemmene er til stades. Eit vedtak kan ankast inn for årsmøtet når minst 1/3 av dei frammøtte medlemmene krev det.
Rådet konstituerer seg sjølv og vel leiar, nestleiar og sekretær.
Rådet er generalforsamling for Saga Hotell AS.
Møta blir kalla inn på den måten Rådet sjølv fastset. Ved likt røystetal i Rådet er leiaren si røyst avgjerande. I alle økonomiske saker krevjast 2/3 fleirtal. Rådet kan ha eit arbeidsutval samansett av leiar, nestleiar og sekretær i Rådet og styreleiar i Bondeungdomslaget.
Det skal førast protokoll frå møter i Rådet og arbeidsutvalet i Rådet. Protokollen skal vere tilgjengeleg for medlemmene i Bondeungdomslaget i Tromsø.
§6 GENERALFORSAMLING FOR SAGA HOTELL AS
Rådet og styret utgjer til saman generalforsamling for Saga Hotell AS. Generalforsamlinga gjer sine avgjersler med simpelt fleirtal. Andre oppgåver regulerast av aksjelova. Generalforsamlinga skal
• velje møteleiar
• velje styre og revisor til Saga Hotell AS. Tilsetterepresentant veljast av dei tilsette på Hotellet
• vedta utbytte til aksjonær
• godkjenne årsrekneskap, årsmelding og melding frå revisor
• fastsette godtgjersle til styret til Saga Hotell AS
§7 SÆRLAG/SÆRSTYRE
Laget kan ha særlag så som idrettslag, leiklag o.s.b., men medlemmene i særlaga må vere medlem i Bondeungdomslaget i Tromsø. Særlaga kan vere tilslutta eigne organisasjonar og forbund og skal ha eigne lover i tillegg til Lov for Bondeungdomslaget i Tromsø. Lovene må vere i samsvar med lovene til Bondeungdomslaget og må godkjennast av årsmøtet i Bondeungdomslaget.
§8 UNDERGRUPPER OG GRUPPESTYRE
Bondeungdomslaget kan ha undergrupper og gruppestyre til å ta hand om utvalde delar av lagsdrifta eller av eiga i laget. Desse blir valde på årsmøtet i Bondeungdomslaget, som óg vedtar føresegner for desse.
§9 SAMRÅDINGSMØTE
Det skal haldast samrådingsmøte minst to gongar i året. Styret er ansvarleg for å kalle inn alle leiande tillitsvalde i laget til møta og at det førast referat frå møta. Samrådingsmøtet skal
handsame saker av allmenn interesse for Bondeungdomslaget med særlag og undergrupper. Møtet skal vere eit samanbindande forum der særlag og undergrupper kan møtast til gjensidig informasjon og koordinering av lagsdrifta etter behov og ønskje.
§10 ÅRSMØTE
Årsmøte blir halde kvart år innan 15. mars og skal kunngjerast minst 14 dagar føreåt. Sakliste skal vedtakast av styret og kunngjerast minst 14 dagar før årsmøtet. Årsmelding og sakspapir skal vere tilgjengelege for medlemmene seinast ei veke før årsmøtet. Saker som skal opp på det ordinære årsmøtet, må vere komne til styret innan 1. februar. Ekstraordinært årsmøte skal haldast når årsmøtet, styret, Rådet eller 1/3 av dei røysteføre medlemmene krev det. Det skal kunngjerast som eit ordinært årsmøte.
Årsmøtet skal:
1. Godkjenne dei røysteføre
2. Godkjenne innkalling og sakliste
3. Velje møteleiar
4. Velje to skrivarar
5. Velje to til å underteikne protokollen
6. Godkjenne årsmelding
7. Godkjenne revidert rekneskap
8. Avgjere saker som til rett tid er komne med på sakslista.
9. Vedta budsjett
10. Velje
• leiar til styret
• to medlemmer til styret
• to varamedlemmer til styret
• tre medlemmer til Rådet
• fire varamedlemmer til Rådet
• revisor
• tre medlemmer til valnemnd
• dei til ei kvar tid aktuelle gruppestyra
• utsendingar til årsmøte i TUF og landsmøte i NU. Kan delegerast til styret
Fast tilsette i laget kan ikkje veljast til styret, rådet eller revisor. Revisor skal ikkje ha anna tillitsverv i laget.
§ 11 SAL AV FAST EIGEDOM
Sal av fast eigedom må vedtakast av to etterfølgjande ordinære årsmøte. Dette gjeld også aksjar i fast eigedom. Slike vedtak krev 2/3 fleirtal i årsmøta.
§12 OPPLØYSING
Laget kan ikkje leggjast ned så lenge minst seks av dei røysteføre medlemmene vil halde det i gang. Skulle laget bli lagt ned eller skifte føremål slik at det ikkje lenger kan kallast eit frilyndt ungdomslag, skal eiga takast vare på i samsvar med reglane for Noregs Ungdomslag. Dersom det innan sju år skulle bli skipa eit nytt frilyndt ungdomslag i Tromsø som vil arbeide etter retningslinjer godkjende av Noregs Ungdomslag, skal eiga gå til det nye laget. Styret i Noregs Ungdomslag avgjer med bindande verknad alle skjønnsspørsmål som denne paragrafen gir høve til.
§13 LOVENDRINGAR
Endringar i desse lovane kan berre gjerast på ordinært årsmøte og krev 2/3 fleirtal. Framlegg til lovendringar må vere komne til styret seinast 1. januar, og skal gjerast kjent for medlemane i
laget seinast 1 månad før årsmøtet. Om nokon ynskjer det, skal framlegg til lovendringar drøftast på eit medlemsmøte. Endring i §§ 1, 5, 12 og 13 må dessutan godkjennast av styret i Troms Ungdomsfylking etter først å vere godkjent av to etterfølgjande ordinære årsmøte i laget.